Sitering og kjeldeliste

Skulen brukar standarden APA, som er eit sett regler som visar korleis man skal sitere og sette opp kjeldeliste. Referanseverktøyet i Word er fint å bruke til dette.

Sitering:

Når du siterar direkte skriv du ordrett ned det nokon andre har sagt eller skrive. Dette heiter kort sitat eller langt sitat. Når du parafraserer tek du ein tekst og skriv om delar av innhaldet med eigne ord (indirekte sitat). Ved sitat må du alltid vise kor du har henta sitatet frå i parantes bak sitatet, og kjelda må stå i kjeldelista til slutt. 

Korte sitat er på mindre enn 40 ord. Sitatet skal stå i hermeteikn med kjelda i parentes bak.
«Dette er eit kort sitat, hugs sidetalet i parentesen bak».(Hansen, 2008, s. 9).

Lange sitat er på over 40 ord. Sitatet skal ikkje ha hermeteikn, men stå med innrykk.

Betegnelsen psykologi stammer fra 1400-tallet, mens avhandlinger «om sjelen» og diskusjon av ulike psykologiske grunnspørsmål er kjent fra oldtiden, med Aristoteles som den toneangivende filosof. Frem til 1800-tallet dreide en stor del av disse skriftene seg om forholdet mellom sjelens ulike deler, evner eller krefter, ofte kalt fakulteter. (Teigen, 2014)

Sitatet er henta frå ein artikkel på nett, derfor har ikkje kjelda sidetal. Ved lengre nettartiklar kan du skrive opp avsnittet eller kapittelet sitatet er henta frå.

Parafrasering er å omformulere noko ein annen har sagt eller skrive. Som hovudregel bør du parafrasere når du brukar tekst frå andre kjelder. Då viser du at du kan trekke ut det viktigaste frå teksten og forklare det med eigne ord. Hugs å legge til kjelda i kjeldeliste då og.

Kjeldeliste

Ei kjeldeliste er ei oversikt over alle kjeldene du har brukt i oppgåva di. I Word heiter kjeldeliste «bibliografi», andre stader kan det stå «litteraturliste».

Viktige reglar for kjeldelista er:

  • Kjeldelista (bibliografien) skal alltid stå heilt til slutt i oppgåva og starte på ei ny side i dokumentet ditt.
  • Kjeldelista skal sorterast alfabetisk på forfattarens etternamn.
  • Kjeldelista skal innehalde dei viktigaste opplysningane om kjelda, som forfattarens namn, tittel på bok/artikkel, år og forlag (på trykte publikasjonar) og URL ved nettsider.

På Vinstra vgs får du opplæring i korleis du skal lage ei kjeldeliste ved hjelp av referanseverktøyet i Word. Lurar du på noko kan du spørje på skulebiblioteket.

Eksempel på kjeldeliste:

Etternavn, Initial(er). (År). Tittel på kjelde i kursiv. Sted: Utgiver.

Alnes, K. E., & Tranøy, J. H. (2015, 11 15). Filosofi. Hentet 11 03, 2016 fra Store norske leksikon: https://snl.no/filosofi

Svendsen, L. F. (2003). Hva er filosofi? Oslo: Universitetsforlaget.

Wetteland, L. (2015, 3). Såret som aldri gror. Syn og segn, s. 22-26.

 

Referanseverktøyet i Word

Du kan bruke referansefanen i Word for å sitere frå kjeldene du har brukt og leggje til kjeldeliste. Hugs å leggje inn alle kjelder med ein gong, det vil spare deg for tid seinare!

Gå til fanen «referanser» og pass på at det står «APA» som stil:

Legg til eller endre kjelder ved å klikke på «behandle kilder».

Velg «ny» for å legge inn ei ny kjelde, eller «rediger» for å endre på noko. Kjelder lagt inn tidlegare kan brukast på nytt i eit nytt dokument ved å velge «kopier».

Finn den typen kjelde du skal legge inn, det kan vera ei bok, ein artikkel i eit tidskrift, noko frå ei nettside (webområde) eller andre kjelder:

Legg inn opplysningane i skjemaet og trykk ok for å lagre. Legg inn forfattarnamn ved å klikke på «rediger» bak feltet for forfattar, fyll inn fornamn, etternamn og eventuelt mellomnamn. Då blir namnet riktig i kjeldelista til slutt. Om det er noko du har funnet på nettet så bruk «dokument frå webområde». Under «navn på nettside» skriv du tittelen på artikkelen, mens under «navn på webområde» skriv du namnet på hovudsida artikkelen ligg på (til dømes Wikipedia, VG, Store norske leksikon, NRK etc.) Hugs å krysse av på «Vis alle bibliografifelt» og legg inn dato for når du leste artikkelen.

Når du er ferdig med oppgåva set du inn kjeldelista ved å klikke på «bibliografi» og deretter «bibliografi» eller «referanser».

Spør på biblioteket om det er noko du lurar på rundt det å sitere og lage kjeldeliste! Du kan og sende spørsmål på e-post til marianne.boe.jervell@oppland.org

Ofte stilte spørsmål om APA

Eit spørsmål som ofte dukkar opp rundt eksamen er korleis viser ein til kjelder som notat frå undervisning eller utdelte oppgåvetekster?

Notat frå undervisning:

Du kan bruke notat frå undervisning eller noko læraren har sagt som kjelde, men skriv kjelda berre i sjølve teksten (i ein parentes bak) og  ikkje i kjeldelista til slutt i dokumentet. Kjeldene i kjeldelista di skal være mogleg for sensor å finne og sjekke, og dine notat fell under det som kallast «upublisert materiale».

For undervisning (munnleg eller notat) skriv lærarens namn, dato for forelesning og eventuelt tittel eller emne for forelesninga.

…og slik har det fungert i skolen de siste 5 årene ifølge B. Sivertsen (norsktime, 20. januar 2004).

Oppgåvetekster eller «hand-outs»:

Dette reknast som upublisert materiale og skal derfor ikkje vera med i kjeldelista (sjå punktet om notat frå undervisning over). Men du må vise til det i teksten, til dømes:

I oppgaven vi har fått utdelt er det et utdrag fra diktet «Morgen» av Karl Hansen, og i dette utdraget…

Eksamensoppgåver:

I eksamensoppgåver er det ofte med kor tekstutdraget er henta frå, slik at kjelda kan leggast inn på korrekt måte. Er det ikkje mogleg å finne ut kvar utdraget er frå, kan du skrive opp vedleggets tittel eller nummer når du viser til det fyrste gong i teksten slik at sensor skjønar kva tekstutdrag det er snakk om. Det er ingen krav til at det må stå i kjeldelista, men du kan godt legge kjeldene inn der for å vise at du kan reglane for kjeldeliste og sitat.

Til dømes:

Vedlegg: SMS fra Gaza, Mads Gilbert, 2009

Andre kjelder som du brukar til eksamen leggast inn på den måten du har lært ved hjelp av referanseverktøyet i Word og i APA-stil (til dømes læreboka og artiklar frå nettet).

Offentleg informasjon:

Offentleg informasjon skal ikkje ha forfattar. 

Dette gjeld til dømes ved:

  • NOU-ar
  • Lover og forskrifter
  • Proposisjonar og meldingar frå Storting og Regjering

Du hoppar over feltet for forfattar og legg inn tittel i staden for.  Der det er til dømes et departement eller utval som står bak, hukar du av for «Organisasjon» som forfattar og fyller ut namnet på denne, som «Kunnskapsdepartementet». 

Wikipedia:

Artiklar på Wikipedia har ikkje informasjon om forfattar. Bruk malen «dokument fra webområde» i Word, men hopp over feltet for forfattar og fyll ut resten på vanleg måte.

Kjeldeliste

books-441866_640Når du skal skrive ei oppgåve på skulen, er det viktig å vise kvar du har henta informasjon frå. Det kallast å skrive ei litteraturliste, kjeldeliste eller referanseliste. Det finnes fleire ulike standardar for korleis du set opp ei slik liste, men på skulen her skal du bruke den som heiter APA. Hugs at kjeldelista alltid byrjar på ei ny side i dokumentet ditt. Andre reglar er:

– Litteraturlista må sorterast alfabetisk på forfattarens etternamn.

– Ved fleire medforfattarar skal lista alfabetiserast ut frå den fyrste forfattaren som er nemnt.

– Dersom det er fleire verk med same forfattar, skal dei ordnast etter det året dei er utgjeve.

Når du har byrja skrive, kan det vera lurt å notere ned alle kjeldane du brukar undervegs mens du hugsar dei. Ved arbeidets slutt, kan det vera vanskeleg å huske kvar du har funne kjeldane. Bibliotekaren gjev opplæring i korleis du kan bruke referanseverktøyet i Word til å legge inn kjeldene, sitere frå dei og få opp ei kjeldeliste (bibliografi) i oppgåva di. Du finn ei forklaring på korleis du går fram på denne sida, eller du kan spørje på skulebiblioteket.

Her er ein instruksjonfilm frå YouTube om referanseverktøyet i Word:

Litteraturliste ved bruk av Word